Det er vel ikkje berre eg som reagerar kvar gong ein person seier feil mellom ho og henne? Ja! Eg innrømm det, eg sleit med det same sjølv for nokre år sidan. Eg har alltid hatt nokre ”skrivleifs”. Har hatt dei sidan barneskulen, med det er vel kanskje normalt å ha skrivefeil då? Det som er med meg er at eg framleis må slå opp ord eg er usikker på. Eg slo opp ordet innrømm som eg skreiv tidlegare i teksten og usikre som står i den tidligare setninga. Eg må slå opp ord som mange andre kunne ha skreve riktig i blinde. Difor har eg alltid trudd at kanskje eg har hatt ein mild form for dysleksi. Finns det ei mild form for dysleksi eigentleg? Der måtte eg slå opp dysleksi også, for eg skreiv det slik fyrst: Dyseleksi. Forstår dykk kva eg meinar? Det er enda meir irriterande å ha ei mamma som praktisk talt oppfører seg som ei norsklærarinne og rettar meg heile tida. Sjølvsagt hata eg dette då eg var lita. Eg var nemlig ein liten hissigpropp som hata å innrømme at eg tok feil. Det gjer eg for so vidt enda også. So då mamma retta på meg, vart eg sur og nekta å innrømme at eg tok feil. No er eg heller svert glad for at ho rettar meg sopass mykje som ho gjorde, elles ville eg vel ha skrive og snakka som om eg hadde hatt dysleksi.
Orginal innlegg HER!
Wednesday, February 10, 2010
Subscribe to:
Posts (Atom)